Møteplassen er eit samarbeid mellom frivillige og helse- og omsorgstenesta.

Vi inviterer til uforpliktande samvær blant likesinna med sams lagnad, enten som kreftråka, pårørande eller etterlaten. Her kan ein dele inntrykk, utveksle erfaringar eller berre lytte – og kanskje lære noko attåt. Og ein kan få litt påfyll av både fagleg, kulturelt og sosialt slag.

Det er inga påmelding.

Program

8. januar: Samling for pårørande og etterlatte. Innleiing til samtale ved kreftsjukepleiar Elin Katrin Raad.

5. februar: Barn og unge som pårørande. Samtale med Camilla Heggen.

4. mars: Møteplassen 5 år! Korleis vart Møteplassen til, kva har den betydd og korleis bør den vere? Korte innlegg ved fleire.          

1. april: Fastlegens oppgåver når pasientar blir råka av kreft. Ved kommuneoverlege Benny Østerbye Hansen

6. mai: Å meistre livet med sjukdom. Ved prest Rigmor Frøyen.
Stad: Løkjatunet i Hyen. Samkøyring frå Felleshuset kl. 18.00.

4. juni: Semesteravslutning.
Stad: Kleppenes Gard. Samkøyring frå Felleshuset kl. 18.00. Her blir det påmelding.

 

Tid på dagen

UkedagDatoVarighet
onsdag4. mars 202019:00 - 21:00
onsdag1. april 202019:00 - 21:00
onsdag6. mai 202018:00 - 21:00
torsdag4. juni 202018:00 - 21:00