Treffpunkt – møteplass for born og unge i Sunnhordland

Treffpunkt er for born og unge mellom 6 og 16 år som har alvorleg sjukdom i familien, eller som har opplevd at nokon som står dei nær, er død.

Foto: Ole Martin Wold

På Treffpunkt møter born andre som er i ein liknande situasjon – som kan skjøna følelsar som skyld, angst og uro, sinne og irritasjon, som sjølv kanskje har hovudpine eller vondt i magen. Her treffer dei trygge vaksne som har tid til å lytta, leika og dela.

Samtale er sentralt på alle Treffpunkt, men praten skjer på bornas premissar. På alle Treffpunkt er det leik, spel og aktivitetar. 

Treffpunkt finn stad ein til to kvelder i månaden og varer normalt i to timar. Treffpunkt blir leia av vaksne med erfaring frå arbeid med born og unge. Dei har teieplikt og har levert politiattest.

Det er gratis å delta på Treffpunkt, men ein må melde seg på.

Tid

  • 24. august 2021
  • 7. september 2021
  • 21. september 2021
  • 5. oktober 2021
  • 19. oktober 2021
  • 2. november 2021
  • 16. november 2021
  • 30. november 2021

Stad

Stord Rehabiliteringssenter, Lønningsåsen 9b, Stord

Kontakt og påmelding

Kontaktperson: Lene H. Tofte

Kontakt oss for mer informasjon og påmelding.

Treffpunkt Sunnhordland

Kreftforeningen

treffpunkt.sunnhordland@kreftforeningen.no485 03 469