Temakafé for kreftpasientar og pårørande i Høyanger

Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.

Kom innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og hyggeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft. Temakafeen blir drive av Kreftforeningen sine frivillige, og du er varmt velkomen.

Program våren 2026

Torsdag 26. mars kl. 18:00-19:30 – Tema: «Kva kan Høyanger kommune tilby innan kreftomsorg?»

Temakafe er eit samarbeid mellom Hæyanger kommune og Kreftforeningen.
Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding.

Stad

Diskoteksalen i Høyanger Samfunnshus

Kontakt

Kathrine Rørtveit
Kreftkoordinator 
Tlf: 57 71 15 73 / 47 61 81 64
Epost: Kathrine.Davoy.Rortveit@hoyanger.kommune.no

Var dette nyttig?