Temakafé for kreftpasientar og pårørande i Høyanger

Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.

Kom innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og hyggeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft. Temakafeen blir drive av Høyanger kommune i samarbeid med Kreftforeningen, og du er varmt velkomen.

Program hausten 2026

Torsdag 17. september kl. 18:00-19:30
– Tema: Vi får høyre erfaringar med å vere kreftsjuk – ein sambygding fortel si historie. 
Stad: Eldresenteret, Høyanger

Torsdag 22. oktober kl. 18:00-19:30
– Tema: Å vere pårørande når kreft rammar ein av våre nære. Foredrag ved Mirjam Østevold, familieterapeut ved Vardesenteret, Haukeland Universitetssjukehus.
Stad: Lavik (nærare informasjon om lokale kjem)

Torsdag 12. november kl. 18:00-19:30
– Tema: Psykisk helse ved kreftsjukdom. Foredrag ved Frode Skanke, overlege med lang erfaring innan kreftrehabilitering og sterkt engasjement for psykisk helse.
Stad: Eldresenteret, Høyanger

Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding.

Kontakt

Kathrine Rørtveit
Kreftkoordinator 
Tlf: 57 71 15 73 / 47 61 81 64
Epost: Kathrine.Davoy.Rortveit@hoyanger.kommune.no

Var dette nyttig?