Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.

Kom innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og hyggeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft. Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding.
Temakafeen blir drive av Sunnfjord kommune, i lag med Kreftforeningen og du er varmt velkomen.
Program hausten 2023
- 28. september kl. 18-20- Tema: Å leve mitt liv- når alvorleg sjukdom bryt inn ved sjukehusprest Helene Langeland
- 16. november kl 18-20- Tema: Korleis møter vi som helsepersonell både voksne pårørande og barn og unge som pårørande i sjukehus og kommune? Ei samtale mellom tilsette ved Kreftavdelinga og i Sunnfjord kommune.
Sted
Friskliv og frivillegsenter, Firdavegen 12. 6800 Førde (1. etasje avishuset Firda)
Kontakt
Berit Ullebust. Mobil: 94 82 42 54