Temakafé for kreftramma, pårørande og etterlatne i Gloppen

Temakafeen er til for kreftpasientar, pårørande og etterlatne. Vi tek opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.

Personer sitter ved et bord og skriver, en kvinne står ved siden og snakker.
Foto: Finn Bjurvoll Hansen

Vi inviterer til uforpliktande samvær blant likesinna. Her kan vi dele inntrykk, utveksle erfaring eller berre lytte – og kanskje lære noko.

Temakafeen er eit samabeid mellom frivillige og helse- og velferdstenesta – og er ein møteplass for påfyll, både fagleg, kulturelt og sosialt.

Program våren 2024

  • 3. januar kl. 19-21– Samling for pårørenade og etterlatte
  • 7. februar kl. 19-21 – «Mi historie» – erfaring frå opphald ved Montebellosenteret.
  • 6. mars kl. 19-21 – Psykisk helse når kreftsjukdom rammar ved Synnøve Grov – leiar ved psykisk helse, Gloppen kommune. Firdarussen informerer om «Kreftforeningens innsamlingsaksjon»
  • 3. april kl. 19-21 – «Praten om maten» ved kreftsjukepleiarane. Det blir servert kveldsmat.
  • 5. juni kl. 19-21 – Sommaravslutning på Fjellstova, Utvikfjellet. John Oddvar Kandal spelar og kåserer om kulturen i Breim. Matservering frå Bakar Jon. Pris: 200 kr i eigenandel

Sted

Felleshuset i Gotevegen 89, Sandane

Kontakt

Anita Lothe

rådgjevar i helse og velferd

anita.lothe@gloppen.kommune.no94 16 85 63