Foto: Jorunn Valle Nilsen

Temakafé for kreftpasientar og pårørande i Sunnhordland

Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.

Kom innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og hyggeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft. Temakafeen blir drive av Kreftforeningen sine frivillige, og du er varmt velkomen.

Program hausten 2026

Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding.

  • Onsdag 30. september kl. 18:00-20:00 – Tema: Besøk av forfattar Linda Krohn Reke som
    presenterer boka si ‘Gleden i det uperfekte’
  • Onsdag 28. oktober kl. 18:00-20:00 – Tema: Digitalt foredrag ved Poliklinikk for
    seineffektar etter kreftbehandling ved Haukeland
    sjukehus
  • Onsdag 25. november kl. 18:00-20:00 – Tema: Besøk av tidlegare kreftpasient Signy T. Ryen
    som er blitt kreftfri ved hjelp av CAR-T-celleterapi

Stad

Stord Kommunale Rehabiliteringssenter, adresse Lønningsåsen 9, Leirvik

Kontakt

Maren Hvidsten Lien

92 61 10 64

Var dette nyttig?