Temakafé for kreftpasientar og pårørande i Førde

Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.

Foto: Finn Bjurvoll Hansen

Kom innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og hyggeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft. Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding.

Temakafeen blir drive av Kreftforeningen sine frivillige, og du er varmt velkomen.

Program

  • 30. mars kl 18-20: Når sjukdom påverkar appetitten, korleis stimulere sansane?, ved kostrådgjevar i Helse Førde Rønnaug B. Flaten som gir kostråd og tips til næringsrike fristelsar. Velkommen!
  • 27. april OBS Ingen temakafé
  • 25. mai kl 18-20: Fysisk aktivitet og kreft, om betre folkehelse og kort status om Pusterom på Førde Sentralsjukehus, ved Atle Skrede frå seksjon idrett og friluftsliv – Vestland fylkeskommune

Sted

Lokale til Origod, Øyrane 2, Førde

Kontakt

Britt Jorunn Tjore

Kreftforeningen

brittjorunn.tjore@kreftforeningen.no45 83 82 44