Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.

Kom innom for ein kopp kaffi og ein matbit – og hyggeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft. Temakafeen blir drive av Kreftforeningen sine frivillige, og du er varmt velkomen.
Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding.
Program våren 2022
- 7. februar: Seinskadar – livet etter kreften skal også levast, ved Lise Amundsen spes.fysioterapeut Haukeland universitetssjukehus
- 7. mars: Kosthold og kreft, gode råd frå Mariann Nordstoga Berg kostholdsveiledar og leiar Safe Treningssenter
- 4. april: Framtidsfullmakt og livstestamente, ved jurist Åse Berit Børve
- 2. mai: Hjartebank og livet etter kreften, ved Oddny Miljeteig (som har med boka si “Hjartebank”)
- 13. juni: Korleis mestra livet ved alvorleg sjukdom, ved Mette Patterson psykiatrisk sjukepleiar Ullensvang kommune
Stad
Bokkotunet Bo- og rehabiliteringssenter, Skulegata, Odda sentrum kl 18-20 kvar gong