Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.
Kom innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og hyggeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft. Temakafeen blir drive av Kreftforeningen sine frivillige, og du er varmt velkomen.
Program våren 2025
Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding.
- 29. januar Tema: Å vera pårørande ved Randi Værholm, spesialrådgivar i Kreftforeningen
- 26. februar Tema: Kreft og trening i ulike fasar ved fysioterapeutar frå Stord kommune
- 26. mars Tema: Juridiske utfordringar ved alvorleg sjukdom ved advokatane Margrethe F. Neset og Arild Birkeland
- 30. april Tema: Kosthold og ernæring ved alvorleg sjukdom ved Anne Britt Ottesen
- 28. mai Tema: Behandling med CAR-T-celleterapi, ei pasienthistorie
Stad
Stord Kommunale Rehabiliteringssenter, adresse Lønningsåsen 9, Leirvik