Temakafé for kreftpasientar og pårørande i Sunnhordland

Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.

En mann ved et bord snakker og gestikulerer.
Foto: Finn Bjurvoll Hansen

Kom innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og hyggeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft. Temakafeen blir drive av Kreftforeningen sine frivillige, og du er varmt velkomen.

Program våren 2024

Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding.

  • Onsdag 31. januar kl. 18-20: Jan Otto Vik fortel frå eigen sjukdomshistorie.
  • Onsdag 28. februar kl. 18-20: Seksualitet og sjukdom. Vi ser opptak fra et webinar om temaet, sammen.
  • Onsdag 20. mars kl. 18-20: Framtidsfullmakt ved jurist Margrethe F. Neset
  • Onsdag 24. april kl 18-20: Medisinsk yoga ved psykiatrisk sjukepleiar Randi Kaldråstøyl
  • Onsdag 29. mai kl. 18-20: Sorg ved psykologspesialist Edwin L. Nordstrøm

Stad

Stord Kommunale Rehabiliteringssenter, adresse Lønningsåsen 9, Leirvik

Kontakt

Maren Hvidsten Lien

92 61 10 64