Temakafé for kreftpasientar og pårørande i Kvam

Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tek opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.

Kom innom for ein kopp kaffi og ein matbit – og samtale i eit triveleg miljø saman med andre som har lik erfaring.

Kafeen vert driven av kreftkoordinator i Kvam herad saman med fleire frivillige, og du er varmt velkommen.

Program framover

  • Onsdag 23. november: Menn og kreft med besøk frå Prostatakreftforeningen
  • Onsdag 25. januar: Ernæring og kreft, ved ernæringsfysiolog Eli Skeie
  • Onsdag 22. februar: Marta Nødtvedt Sandven med tannhelse og kreftbehandling
  • Onsdag 22. mars: program kjem
  • Onsdag 26. april: Program kjem

Tid og stad

Toloheimen (pauserommet), Norheimsund
Ein onsdag i månaden kl. 18-20

Kontakt

Marit Lid Marøy,
marmar@kvam.kommune.no