Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Me tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag.
Kom og få ein hyggeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft. Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding. Lett servering.
Temakafeen vert drive av Kreftforeningen sine frivillige, og du er varmt velkomen.
Program våren 2024
- 11. januar kl. 18-20 – Tema: «Uhøvla Materiale, dikt og livstankar»
ved forfattar Borghild Ygre Skorve. - 08. februar kl. 18-20 – Tema: Søvn- døgnrytmer og søvn i sjukdom og alderdom
ved professor Janne Grønli, UiB. - 14. mars kl. 18-20 – Tema: Vossarussen sitt arbeid for Kreftforeningen
ved russepresidentane Nora Lutro og Synva Osa Haugo. - 11. april kl. 18.20 – Tema: «Sivle- dikt og forteljingar»
ved Einar Midtun - 06. juni kl. 18-20 – Tema: Utflukt til Eideshagen idrottsanlegg.
Erik Flage, formann i Bulken IL møter oss der.
Avreise 17:30 frå sosialbygget.
Stad
Sosialbygget, Miltzows gata 2, Voss