– Eg følte alt handla om Solveig

Då Solveig Kloppen (49) forsvann inn i sorga over mora og systera si, blei Kjartan Brügger Bjånesøy (49) ståande igjen makteslaus og åleine.

Dette innlegget er mer enn 3 år gammelt
Kjartan følte at han ikkje fekk kontakt med kona Solveig då ho var i sorg. Foto: Jorunn Valle Nilsen

– Eg trur eg registrerte at dette var heftig for han. Det var ikkje det at eg ikkje såg, men berre… Det er så sirup og tungt at eg ikkje klarte å gjere noko med det.

Solveig Kloppen har sett seg ned ved kjøkenbordet heime i Tåsen hageby. Det er torsdag morgon, og dei to borna er alt ute av huset. På den andre sida av kaffikoppen sit mannen ho for 15 år sidan lova å leve saman med, i gode og vonde dagar.

– Eg hadde ikkje klart meg utan Kjartan. Han har vore ei klippe, seier Solveig.

Eit grønt monster

Tre år har gått sidan latteren til den sprudlande TV 2-programleiaren brått stilna. Først døydde mora av kreft. Berre seks veker etterpå tok systera sitt eige liv. Kva gjer du som kjærast når den du er aller mest glad i, opplever noko så vondt? Det første Kjartan gjorde, var å få Solveig ned i sofaen for å puste med magen og halde rundt ho.

– Eg kjende meg utilstrekkeleg. Eg hadde så lyst til å hjelpe ho.

Men det finst ingen raske løysingar på sorg. Sorg kjem i bølger, følger ingen mønster. Det tar den tida det tar.

– Den første perioden er så prega av forventa sorg. Men dersom det blir langvarig annleis. Litt sånn «Å nei, er me framleis her?». Det kjendest som å bevege seg i sirup. Det var så tungt, fortel Solveig.

Eg kjende meg utilstrekkeleg. Eg hadde så lyst til å hjelpe ho.

Kjartan

– Du kunne jo plutseleg bli veldig lei deg, seier Kjartan.

– Og irritabel, seier Solveig.

– Ja, kort lunte.

– Du kan seie det som det er, Kjartan! Har du alt gløymt det? Eg var skikkeleg usympatisk. Eg var ikkje noko grei med deg.

Solveig hadde sett for seg at den som sørger, ligg på sofaen og græt med ein kopp te og eit teppe over seg. Men for ho kom sorga ut som eit grønt monster.

– Det grøne monsteret berre vaks og vaks til meir eg flykta frå sorga. Eg orka ikkje ta tak i nokon ting, og eg blei urimeleg og vanskeleg å ha med å gjere.

Du kan seie det som det er, Kjartan! Har du alt gløymt det? Eg var skikkeleg usympatisk. Eg var ikkje noko grei med deg.

Solveig

Einsam, sint og sjalu

Kjartan opplevde det som at han blei ståande igjen åleine. Solveig, som vanlegvis var så engasjert i alt, hugsa ikkje lenger fotballkampar og foreldremøte. Han måtte ta seg av alt det praktiske.

– Eg hugsar eg sa til kompisane mine at eg til tider kjende meg einsam. Eg følte ofte at eg ikkje fekk kontakt, seier han.

– Samstundes forstod eg jo at eg måtte gje deg tid, og at det kom til å bli betre. Men akkurat medan det stod på …

Han snur seg mot oss.

– Det er ganske tungt å vere pårørande til nokon som er i sorg. Eg følte alt handla om Solveig. Resten av familien skulle ta omsyn til korleis ho hadde det. Det var ikkje så mykje rom for at me andre kunne ha ein dårleg dag.

Solveig, som har lytta ei god stund no, opnar munnen.

– Du var veldig tolmodig, men av og til merka eg at det rakna litt for deg.

– Ja, eg blei lei deg. Frustrert og sint. Og eg opplevde det som urettferdig viss du prioriterte andre når du først hadde litt energi. Eg hugsar eg blei skuffa og såra når eg såg eit snev av overskot hos deg, og så drog du på hyttetur med veninner. Eg følte du skylde meg og borna den tida, seier Kjartan, før han held fram:

– Eg kunne nesten kjenne på ein sjalusi på jobben din. Det var kanskje det eg kjende sterkast på. Når du kom heim frå jobb, var det ingenting igjen av deg. Det var mange som fekk den beste utgåva av deg. Og så fekk me her heime …

– Det verste. Solveig avsluttar setninga hans. Kjartan stoppar opp litt.

– Og så fekk eg dårleg samvit når eg blei sint og oppgitt over deg. Og viss du begynte å gråte, kjende eg meg veldig fæl.

Foto: Jorunn Valle Nilsen

Tilbake i lyset

For Kjartan, som stod på sidelinja og observerte Solveig i sorga, var det heilt tydeleg at ho fortrengde dei vonde kjenslene og flykta gjennom jobben. Jo meir han pirka og prøvde å få ho til å innsjå det, jo større vaks det grøne monsteret seg. Til slutt blei stemninga i huset så utriveleg at Kjartan sette foten ned.

– Han sa: «Sånn kan me ikkje ha det. No må me få hjelp!» fortel Solveig.

Eg kjende ikkje igjen meg sjølv. Eg trong så innmari at han tolte alt. Det er jo heilt frykteleg å krevje av nokon. Men eg trong jo eigentleg det. At han klarte å tenke at eg var normal, at dette ikkje var farleg.

Solveig

Då begynte dei å gå i terapi saman. Solveig drog til Sverige for å møte ein sorgterapeut. Gradvis blei ting betre.

– Det skjedde først etter halvanna år. I ettertid tenker eg at eg kanskje trong det første året til å flykte. Det er ikkje sikkert det var flukta eg trong, men tida for å bli klar for å gå inn i sorga, fortel Solveig.

Den våren kom latteren og det leikne i ho tilbake.

– Det var ein test for forholdet, men eg var aldri redd for oss, seier Kjartan.

Men var du ikkje i ein liten periode redd for at …? Eg berre hugsar at eg blei litt redd fordi du blei redd.

– Redd for kva? At du skulle vere sånn for alltid?

Solveig nikkar. Ho ser på oss.

– Eg kjende ikkje igjen meg sjølv. Eg trong så innmari at han tolte alt. Det er jo heilt frykteleg å krevje av nokon. Men eg trong jo eigentleg det. At han klarte å tenke at eg var normal, at dette ikkje var farleg.

Augo blir blanke.

– Det er veldig mykje å legge på eit anna menneske. At du berre skal stå der som ein påle og tole alt, og tole alle sinnsstemningar.

Foto: Jorunn Valle Nilsen

Det var veldig mykje ein veg heile vegen. Eg trur kanskje du hadde ønskt at eg hadde vist meir, for då gjekk du ut av di eiga sorg.

Kjartan

Kjartan gjorde som pårørande ofte gjer, og skåna Solveig for mykje av det han sjølv gjekk og kjende på i denne tida. Han hugsar likevel ein gong rollene snudde då han opna opp om uroa han hadde for faren, som nokre år tidlegare hadde fått hjerneslag.

– Eg hugsar at eg var veldig lei meg for ein ting som hadde skjedd med pappa. Det såg ut som at du likte det godt. At du kunne trøyste meg. At det snudde litt.

– Det var veldig mykje ein veg heile vegen. Eg trur kanskje du hadde ønskt at eg hadde vist meir, for då gjekk du ut av di eiga sorg, seier Kjartan.

– Og følte meg trengt, legg Solveig til.

Ho ser på oss.

– Eg trur eigentleg eg syntest det var godt dei dagane han… Viss det var noko eg kunne gje han, var det fint.

Var dette nyttig?