Treffpunkt er for born og unge mellom 6 og 16 år som har alvorleg sjukdom i familien, eller som har opplevd at nokon som står dei nær, er død.
På Treffpunkt møter born andre som er i ein liknande situasjon – som kan skjøna følelsar som skyld, angst og uro, sinne og irritasjon, som sjølv kanskje har hovudpine eller vondt i magen. Her treffer dei trygge vaksne som har tid til å lytta, leika og dela.
Samtale er sentralt på alle Treffpunkt, men praten skjer på bornas premissar. På alle Treffpunkt er det leik, spel og aktivitetar.
Treffpunkt finn stad ein til to kveldar i månaden og varer normalt i to timar. Treffpunkt blir leia av vaksne med erfaring frå arbeid med born og unge. Dei har teieplikt og har levert politiattest.
Det er gratis å delta på Treffpunkt, men ein må melde seg på.
Finn oss på Facebook: Treffpunkt Sunnhordland.
Tid våren 2026
- tysdag 13. januar kl. 17:00-19:00
- tysdag 27. januar kl. 17:00-19:00
- tysdag 10. februar kl. 17:00-19:00
- tysdag 10. mars kl. 17:00-19:00
- tysdag 24. mars kl. 17:00-19:00
- tysdag 7. april kl. 17:00-19:00
- tysdag 21. april kl. 17:00-19:00
- tysdag 5. mai kl. 17:00-19:00
- tysdag 19. mai kl. 17:00-19:00
- tysdag 2. juni kl. 17:00-19:00
Stad
Leirvik Skule, Vikabrekko 51, Stord
Kontakt og påmelding
Kontaktperson: Lene H. Tofte
Kontakt oss for meir informasjon og påmelding.
