Treffpunkt – møteplass for born og unge i Sunnhordland

Treffpunkt er for born og unge mellom 6 og 16 år som har alvorleg sjukdom i familien, eller som har opplevd at nokon som står dei nær, er død.

På Treffpunkt møter born andre som er i ein liknande situasjon – som kan skjøna følelsar som skyld, angst og uro, sinne og irritasjon, som sjølv kanskje har hovudpine eller vondt i magen. Her treffer dei trygge vaksne som har tid til å lytta, leika og dela.

Samtale er sentralt på alle Treffpunkt, men praten skjer på bornas premissar. På alle Treffpunkt er det leik, spel og aktivitetar. 

Treffpunkt finn stad ein til to kveldar i månaden og varer normalt i to timar. Treffpunkt blir leia av vaksne med erfaring frå arbeid med born og unge. Dei har teieplikt og har levert politiattest.

Det er gratis å delta på Treffpunkt, men ein må melde seg på.
Finn oss på Facebook: Treffpunkt Sunnhordland.

Tid hausten 2025

  • tysdag 26. august kl. 17:00-19:00
  • tysdag 9. september kl. 17:00-19:00
  • tysdag 23. september kl. 17:00-19:00
  • tysdag 7. oktober kl. 17:00-19:00
  • tysdag 21. oktober kl. 17:00-19:00
  • tysdag 4. november kl. 17:00-19:00
  • tysdag 18. november kl. 17:00-19:00
  • tysdag 2. desember kl. 17:00-19:00

Stad

Leirvik Skule, Vikabrekko 51, Stord

Kontakt og påmelding

Kontaktperson: Lene H. Tofte

Kontakt oss for meir informasjon og påmelding.

Treffpunkt Sunnhordland

Kreftforeningen

treffpunkt.sunnhordland@kreftforeningen.no48 50 34 69

Var dette nyttig?