Treffpunkt er for born og unge mellom 6 og 16 år som har alvorleg sjukdom i familien, eller som har opplevd at nokon som står dei nær, er død. Tilbudet er eit samarbeid mellom Voss kommune og Kreftforeningen.
På Treffpunkt møter born andre som er i ein liknande situasjon – som kan skjøna kjensler som skuld, angst og uro, sinne og irritasjon, som sjølv kanskje har hovudpine eller vondt i magen. Her treff dei trygge vaksne som har tid til å lytte, leika og dela.
Samtale er sentralt på alle Treffpunkt, men praten skjer på borna sine premissar. På alle Treffpunkt er det leik, spel og aktivitetar.
Treffpunkt finn stad ein til to kveldar i månaden og varer normalt i to timar. Treffpunkt blir leia av vaksne med erfaring frå arbeid med born og unge. Dei har teieplikt og har levert politiattest.
Det er gratis å delta på Treffpunkt, men ein må melde seg på.
Tid hausten 2025
- Onsdag 3. september kl. 17-19
- Onsdag 17. september kl. 17-19
- Onsdag 1. oktober kl. 17-19
- Onsdag 15. oktober kl. 17-19
- Onsdag 29. oktober kl. 17-19
- Onsdag 12. november kl. 17-19
- Onsdag 26. november kl. 17-19
- Onsdag 10. desember kl. 17-19
Stad
Gjernes skule, Gjernesmoen 8, Voss
Kontakt og påmelding
Kontaktperson: Kirsti Buset, Kreftkoordinator Voss kommune
Telefon 99 20 71 29
Epost: kirsti.buset@voss.herad.no
Kontakt oss for mier informasjon og påmelding.