Treffpunkt – møteplass for born og unge på Voss

Treffpunkt er for born og unge mellom 6 og 16 år som har alvorleg sjukdom i familien, eller som har opplevd at nokon som står dei nær, er død.

En ung jente leker med perler.
Foto: Ole Martin Wold

På Treffpunkt møter born andre som er i ein liknande situasjon – som kan skjøna kjensler som skuld, angst og uro, sinne og irritasjon, som sjølv kanskje har hovudpine eller vondt i magen. Her treff dei trygge vaksne som har tid til å lytte, leika og dela.

Samtale er sentralt på alle Treffpunkt, men praten skjer på borna sine premissar. På alle Treffpunkt er det leik, spel og aktivitetar. 

Treffpunkt finn stad ein til to kveldar i månaden og varer normalt i to timar. Treffpunkt blir leia av vaksne med erfaring frå arbeid med born og unge. Dei har teieplikt og har levert politiattest.

Det er gratis å delta på Treffpunkt, men ein må melde seg på.

Tid våren 2023

  • onsdag 11. januar
  • onsdag 25. januar
  • onsdag 8. februar
  • onsdag 8. mars
  • onsdag 22. mars
  • onsdag 19. april
  • onsdag 3. mai
  • onsdag 31. mai

Stad

Gjernes skule, Gjernesmoen 8, Voss

Kontakt og påmelding

Kontaktperson: Kirsti Buset

Kontakt oss for mier informasjon og påmelding.