Kort psykologisk behandling før og etter operasjon kan førebyggja utvikling av langvarige smerter og utmatting hos kvinner med brystkreft, viser norsk forsking.

– Er du klar?
Psykolog Silje Endresen Reme ser på meg og smiler lurt. Ho sit oppreist i kontorstolen sin på Universitetet i Oslo med ein bunke ark i hendene. Eg kjenner meg som ei lita skulejente med sommarfuglar i magen her eg lener meg bakover i ein litt for stor stol. Vanlegvis er det eg som journalist som stiller spørsmåla, men i dag er rollene snudd.
– Har du opplevd å vera i flyt?
Eg nikkar forsiktig.
– I ein tilstand der du gløymer tid og stad?
– Ja, svarer eg.
– Då har du vore i transe – i hypnose, seier Reme.
Eg ser forvirra på ho. Ho forstår kva eg tenker.
Hypnose er ikkje skummel magi slik du kanskje har sett det på TV og sceneshow. De er ikkje sånn at du mistar kontrollen. Eg kan ikkje få deg til å gjera ting du ikkje vil.
– Det er heilt trygt. Du skal berre sitja heilt i ro og lytta.

Angst og stress påverkar
Då kan du setja deg godt til rette og lukka augo og la deg sjølv slappa av. Ta eit par rolege, djupe andedrag. Når du pustar ut, kan du kjenna at du blir meir avslappa. Meir og meir avslappa.
Kvart år blir feire tusen norske kvinner operert for brystkreft. Nesten halvparten får langvarige smerter og utmatting etter operasjonen. I dag finst det ingen effektive metodar for å førebyggja slike seinskader, men me veit at psykologiske faktorar speler ei viktig rolle.
– Stress, angst, depresjon, sosial støtte og korleis du har det når du blir operert. Alt dette har utruleg mykje å seia for å kunne forklara kvifor nokon utviklar langvarige smerter, fortel
Reme.
Ho jobbar til vanleg på smerteklinikken på Ullevål sjukehus i Oslo. Der har mange smerter det er vanskeleg å forklare, men for brystkreftpasientar er situasjonen ein annan. Dei fleste kjem inn til operasjon utan smerter, men kjem ut og får det.
Det gav meg idéen: Kan me gjera noko like før operasjonen som hindrar dette?
Ho gjekk til forskingslitteraturen og fann ut at forskarar hadde prøvd mindfulness, avspenning og pust, men at den aller mest ffektive psykologiske metoden på tvers av alle operasjonar var hypnose.
– Me trur det handlar om at hypnosen er best på å endra forventingar. Du går frå å føle at du ikkje meistrar, til å tru at dette kan gå bra, både bevisst og ubevisst. Der skil hypnosen seg frå andre teknikkar som er mindre instruerande.
Færre medisinar og plager
Sjå føre deg at du er på ein trygg stad. Ein stad du har vore før, eller ein stad du kan dra til. Eller ein stad i fantasien din. Alt som betyr noko, er at du har det behageleg og fredfylt. Ein stad du kan vera heilt deg sjølv. Heilt roleg og tilfreds.
Med støtte frå Kreftforeningens innsamlingsaksjon fekk Reme 200 brystkreft pasientar til å vera med i eit nytt norsk forskingsprosjekt. Halvparten skulle få hypnose av ein terapeut og
resten mindfulness på lydfil.
Sola hadde knapt stått opp då dei første nervøse damene dukka opp på sjukehuset. Det var to timar til operasjonen deira, mørkt og stille, men i eit koseleg lite rom like ved operasjonssalen stod ein erfaren terapeut og venta. Dei fekk sjølve velja om dei ville sitja eller liggja under hypnosen, og etterpå følgde terapeuten dei fram til operasjonsbordet. Det same gjorde studie sjukepleiaren med kontrollgruppa.
– Det høyrest jo skikkeleg vakkert ut å bli sett sånn rett før du skal inn i narkose for kanskje aller første gong. Kva har damene sagt i ettertid? Spør eg, endeleg tilbake i journalistrolla.
– Dei sa at det var ein utruleg fin veg inn i operasjonen, svarer Reme.
– Sjølv om pakkeforløp fungerer bra på så utruleg mange måtar, er det nok ein del som opplever at det psykososiale manglar litt. Det triggar masse følelsar og eksistensiell frykt!
Resultatet frå forskinga var tydeleg: Klinisk hypnose rett før operasjon førte til mindre bruk
av smertestillande medisinar og mindre utmatting og psykisk stress samanlikna med kort
mindfulness.
Det at dei også fekk tilgang til ei digital pakke med lyd- og videofiler i etterkant av operasjonen, gjorde også livskvaliteten betre på lengre sikt.
Hypnose
- Hypnose er ein tilstand av skjerpa merksemd der ein kjenner at tid og stad forsvinn, og ein blir særleg mottakeleg for forslag og påverknad.
- Den som blir hypnotisert, sit eller ligg som oftast og høyrer på ein terapeut eller ein lydfil med instruksjonar. Vanleg lengd er rundt 10–20 minutt.
- Hypnose blir brukt spesielt i behandling av smerteplager. På Rikshospitalet er det til dømes vanleg å bruka det for å hjelpa born gjennom smertefulle behandlingar.
- Dei fleste menneske kan bli hypnotisert, men visse personlegdomstrekk gjer deg lettare å få inn i hypnose, spesielt dersom du er open for nye erfaringar og følelsar og har fantasi.
- Forsking frå andre land, no òg frå Noreg, viser lovande resultat for kreftpasientar. Ei kort økt med hypnose før operasjon eller strålebehandling har vist seg å gje færre plager og mindre utmatting (fatigue).
- Håpet er at alle brystkreftpasientar i landet om kort tid skal få tilgang til ein digital hypnose og oppfølgingspakke dersom dei ynskjer det. Forskar Silje Endresen Reme reiser rundt for å informera og læra opp helsepersonell denne hausten.
Motgift til negative tankar
Ingenting kan forstyrra deg på din spesielle stad. Du er så komfortabel at ingenting kan forstyrra deg. Seinare vil ikkje operasjonen plaga deg i det heile tatt. Du vil kunne merka ei svak smerte, men berre som ein irritasjon.
Den mjuke, søvndyssande tonen i stemma til psykologen har endra seg. No slår orda mot meg fast og bestemt.
Det vil vera lite eller ingen smerter under eller etter operasjon. Berre fred og velvære, sunn og roleg. Det vil vera lite eller ingen kvalme under eller etter operasjonen. Berre fred og velvære, sunn og roleg. Du kan merka at du er sliten etter operasjonen, men det vil berre vera eit mindre ubehag. Du vil vera open og fylt av energi. Du vil nesten ikkje merka noko.
Reme tel plutseleg baklengs frå fem. Hypnosen er over.
– Ja, korleis var det? spør Reme lurt igjen.
Litt fortumla over å vera så brått tilbake i verda svarer eg at det var fint og spennande.
– Du merka sikkert at stemma mi gjekk frå å vere mild og god i starten til å bli meir autoritær
når eg gav beskjedar til hjernen? Det kan verke litt urealistisk og provoserande at me seier at du ikkje skal kjenna smerte. Men viss du tenker over det, så gjev jo angsten og frykta oss mange meldingar heile tida: «Dette kjem til å gjera vondt», «Dette kjem aldri til å gå bra», seier
Reme.
– Gjennom hypnosen brukar ein instruksjonar som motgift til dei negative og engstelege tankane. Hjernen huskar setningane bevisst og ubevisst og gjer at du kan henta dei opp når det
trengst!
Snart skal alle brystkreftpasientar i landet få tilgang til hypnosen til Reme i ein digital variant, men først skal ho ut og læra opp helsepersonell.
– Viss dette verkeleg fungerer, er det eit fantastisk tiltak for å avlasta helsevesenet i framtida! utbryt eg.
– Det er håpet vårt! Det kostar ingenting, og så kan det bety så mykje for så mange! avsluttar
psykologforskaren.


Snakk med oss
Har du spørsmål om kreft, eller trenger noen å snakke med? Hos oss møter du erfarne fagfolk. Rådgivningstjenesten er gratis, og du kan være anonym. Vi snakker norsk og engelsk.
