– Det er sjeldan me høyrer historier om kor tøft det er å vere pårørande til nokon som er alvorleg sjuk eller i sorg. Der har me absolutt ein veg å gå, meiner familieterapeut Mirjam Østevold.
Når nokon tør å sette ord på kjenslene sine, forstår andre at det ikkje berre er dei som har det sånn. Det gjer at dei slepp å kjenne seg så åleine.
Mirjam Østevold, familieterapeut
Ho trur mange pårørande vil kjenne seg igjen i det Kjartan fortel om korleis han hadde det då Solveig var i sorg.
– Det betyr mykje for dei som er i same situasjon som han. Når nokon tør å sette ord på kjenslene sine, forstår andre at det ikkje berre er dei som har det sånn. Det gjer at dei slepp å kjenne seg så åleine, seier ho.
Forventning om å være sterk
Medan det lenge har vore fokusert på born og unge som pårørande, er det først dei siste åra partnaren har blitt sett. Mirjam meiner det ligg ei forventning i samfunnet om at partnaren skal vere «den sterke».
– Det er eit dilemma, det der. Viss du sørger over å ha mista mora di, så treng du at den du er glad i, er litt ekstra sterk for deg. Viss han då fortel at han har det tøft på grunn av di sorg, kan det bli krevjande for relasjonen. Ingen kan vere sterke heile tida. Sorg og smerte varierer i intensitet. Me treng å anerkjenne at me sørger ulikt, og at det er heilt i orden, fortel ho.
Mange pårørande vil ikkje legge stein til børa ved å laste den andre med sin eigen redsel og uro. Det endar ofte med at begge skånar kvarandre.
– Mitt tips er å prøve å sette ord på det som er vanskeleg. Det kan til dømes vere: «Eg ser at du har det vondt, men akkurat no klarer eg ikkje å støtte deg så godt som eg gjerne vil, fordi eg også er lei meg.»
Openheit kan føre par nærmare kvarandre
Hennar erfaring som familieterapeut er at dei som vågar å opne opp på denne måten, opplever å kome nærmare kvarandre som par.
– Det kan gje ny innsikt og ei djupare forståing i korleis det er for den andre. Når me er i ny sorg eller har fått ein alvorleg sjukdom, krinsar tankane mykje rundt det som er vondt. Då er det vanskeleg å sette seg inn i korleis dei som står rundt, har det, fortel Mirjam.
Ingen kan vere sterke heile tida. Sorg og smerte varierer i intensitet. Me treng å anerkjenne at me sørger ulikt, og at det er heilt i orden.
I tillegg til å vere familieterapeut er Mirjam senterkoordinator for Vardesenteret på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Vardesenteret er ein gratis møteplass som Kreftforeningen og dei største sjukehusa i landet har laga for alle som på ein eller annan måte er ramma av kreft.
– For oss er dei pårørande ekstra viktige. Her kan dei få råd og støtte til å stå støtt – og til å ta vare på seg sjølve oppi alt, seier ho.